Nye medlemmer i Holbergstyret

Publisert 24.07.2016
Den 01.07.2016 tiltrådte Knut Olav Åmås og Britt Andersen som nye medlemmer for Holbergprisen sitt styre.

Holbergprisen sitt styre består av styreleiar og fire styremedlemmer, som blir utnemnt av universitetsstyret ved Universitetet i Bergen etter nominasjonar frå Det Norske Videnskaps-Akademi og norske universitet. Britt Andersen og Knut Olav Åmås blei konstituerte som nye styremedlemmer på universitetsstyremøtet den 28. april i år.  

Britt Andersen er prodekan for forskning ved Det humanistiske fakultet ved NTNU og professor i allmenn litteraturvitenskap. Ho har blant anna arbeidd mykje med modernisme, feminisme, psykoanalyse og skeiv teori. Andersen er òg hovudredaktør for Norsk Litteraturvitenskaplig Tidsskrift.

Knut Olav Åmås er direktør i Stiftelsen Fritt Ord og har elles brei erfaringsbakgrunn frå kultur- og samfunnsliv, blant anna som sakprosaforfattar, tidlegare statssekretær i Kulturdepartementet og redaktør for kultur, debatt og forskning i Aftenposten.  

Åmås og Andersen kjem inn i fotefara etter Petter Aaslestad og Kjellbjørg Lunde, som no takkar av. Styreleiar Sigmund Grønmo (UiB), Trude Haugli (UiT) og Øivind Andersen (DNVA) er held fram i sine verv.